“Der fremsattes Forslag om at der i Kirkebøstrandens Kreds burde oppføres Skolehuse med Lærerbolig, og om Anledning dertil maate gives, et Stykke Jord av omtr. et Par Maals Størrelse. Samstemming Besluttelse: Skolecommisionen henstiller Communebestyrelsen at bevilge det fornødne til at saadant Bygning cand blive opført snares mulig mod det sedvanlige Bidrag av Amtsskolcassen”. Skuledirektøren, Lous, var tilstades på møtet.

Fyrste skulehuset i kommunen vart bygt på Kyrkjebø i 1867. Det vart teke i bruk 16. nov. same året. Dette huset vart nedrive i 1913 og oppattbygdt som skulehus for Instevik skulekrins. Flyttinga kosta kr. 600,- ser me i heradsprotokollen. Ny skulebygning vart opført på Kyrkjebø. Den vart teken i bruk 1914. Huset vart bygt so stort at det ogso skulle tena som kommunehus. Ein ser i kommunestyreprotokollen at det vart løyvt til huset kr. 1500- i 1913 og kr. 1500- i 1914. Dette huset var i bruk til 1970.

Utdrag frå bygdebok for Kyrkjebø og Lavik III -1978

 

Kyrkjebø

fekk fastskule i 1867. Skulen vart bygd så stor at den også skulle romme kommuneadministrasjonen. På Kyrkjebø vart det også kjøpt eit jordstykke i tillegg som vart kalla Skulejorda. Den nye skulen på Håland vart bygd i 1970.

Dette huset vart bygt i 1914 for å gje plass til både skule og kommuneadministrasjon på Kyrkjebø.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelde: Alkunne.no